sports

City held følgje med Arsenal – Haaland med målgjevande

Nico O’Reilly blei den store helten då Manchester City kjempa seg til ein viktig 2-1-seier over Newcastle laurdag. No er dei lyseblå berre to poeng bak tabelleiar Arsenal. Heimelaget fekk akkurat den starten dei drøymde om. Allereie etter 14 minutt sende ungguten Nico O’Reilly vertane i føringa. Gleda blei derimot kortvarig. Etter 22 minutt slo Newcastle tilbake då Lewis Hall fekk draumetreff frå 18 meter og utlikna for gjestane. Men City svara nesten med ein gong. Berre minutt seinare var O’Reilly på ferde igjen. Etter eit forspel av Erling Braut Haaland, kunne midtbanetalentet setje inn sitt andre for dagen og sende City tilbake i føringa. Trass i fleire sjansar til begge lag i andre omgang, enda kampen 2-1. Dermed legg City press på Arsenal i den intense tittelkampen.

Read full story at NRK →